14. sep. 2018

Sommarenga


Det hender at maleri og lyrikk går i eitt for meg. Blir som einegga tvillingar, vanskelig å skilje frå kvarandre. Ikkje underlig det, synes eg. Eit dikt er eit maleri, formulert med ord, på same måte som eit maleri er eit dikt, formulert med maling . . . . . 

Nokre gonger har det gått så langt at eg har snudd på et maleri, og liksom forventa å finne eit dikt på baksida. Det har hendt at strofer til eit dikt har forma seg i meg mens eg stod der og såg på den tomme baksida. Andre gonger har maleriets lyriske tvilling kome til meg gjennom noko eg tidlegare har lese. Slik som første verset i dette diktet av Nord-Norges store lyriker, Helge Stangnes:
 

Sommarønske

Jorda har snurra sitt løkkehjul,
gjett oss en sommar i gave.
Smørblomsterenga står St. Hans-gul,
sola går døgnvill og finn ikkje skjul:


Ja, la meg få bli i sommarn’,
eie kvert døgn den kan gje,
glømme ei stund det som etter kjem,
eg ber ‘kje om anna enn det.
Ønska meg ofte når gauken gol
og song sine lettvinte vise,
slåttekjærest og midnattssol,
aldri eg bad førr St. Peters stol:


La meg få bli i sommarn’,
leve kvert kostbart minutt,
kanskje kjem ingenting etter den,
så gje at han aldri tok slutt.
Gagnlause ønska e skreft i sand,
likevel eig eg ei tru:
Ønske eg berre så sterkt eg kan,
så kanskje det skjer – det som ikkje går an:


Ja, la meg få bli i sommarn’
nyte kver time eg fekk,
så skal eg takke når frosten kjem,
førr døgnan og dagan som gjekk.
Alt vi har fått skal bli tatt oss ifrå,
hausten gjer ingen kreditt.
Det som fekk blomstre på stelk og strå,
frøes og fell og skal snart førrgå:


Så la meg få bli i sommarn’,
men står eg igjen når han dreg,
då søke eg varmen hos deg, min venn,
så sommarn’ kan leve i meg.


"Sommarønske" frå diktsamlinga “Lys langs en fjord”, Helge Stangnes, Nordkalottforlaget 1992


"Sommarenga", Jan R. Iversen, akryl og pastell på lerret, 65 x 54 cm, 2018 ©


1 kommentar:

Unknown sa...

Vakkert dikt og maleri <3