16. juni 2018

Om natur og symboler


Dersom eg som ungdom sa noko forkjært utan å skjønne det, kviskra gjerne ein av dei vaksne til meg: "Ikkje lurt å snakke om tau i hengt manns hus". Underforstått, dersom eg ikkje var varsam med kva eg sa, kunne eg komme i skade for å fornærme folk eg ikkje ville fornærme. 

Dersom vi bruker dette ordtaket på årets kalde og våte vår i Nord-Noreg, kan vi kanskje seie: "Du skal ikkje snakke til værsjuke folk om skjønnheita i ein vår som lar vente på seg". 

Sannelig om eg veit. Eg er sjeldan værsjuk. Derfor har kanskje folk som meg lettare for å sjå kor fin og spennande naturen kan vere i all slags vær? Også i såkalla skitvær. Naturen er ei stor og mangfaldig skattekiste. Den rommar så uendeleg mykje. Ikkje bare kan den vere blendande vakker og variert, men også full av spennande symbol. Naturen kan for eksempel minne oss om eigenskapar som vi menneske har, og som vi liker eller misliker.

Dette maleriet, som eg malte for bare nokre dagar sia, har begge delar i seg, synes eg. Både det skjønne i naturen og ein eigenskap som eg setter pris på, både hos meg sjølv og hos andre i dei tilfella vi tar den i bruk. Nemlig det å vere ærleg og stå for det ein meiner. Vere av "heil ved" eller vere "ekte", for å seie det på den måten.

Nei, eg snakkar ikkje om det å vere sta og tverr og stå på sitt, sjølv om all logikk og alle fakta viser at ein tar feil. Eg snakkar om det å ikkje vere redd for å seie kva ein meiner. Det å ikkje vike unna fordi det ein meiner eller trur, kan bli oppfatta som politisk ukorrekt av dei som sitt på toppen av samfunnskaka og som har definisjons-makta i samfunnet. Det er dessverre lett å teie og sjå i bakken i møte med den makta. Altfor lett å gløyme at vi har eit demokrati som må brukast, dersom det skal overleve.

Symbolet på det i maleriet, er småbjørkene som veks langt unna dei andre bjørkene langs åskantane. Men småbjørkene står for det. I alle fall er det bare ei som så langt har bøygd seg for overmakta, ser det ut til? Eller kanskje retter ho ryggen om kort tid?

I lyrikken finnes mange som har brukt naturen og bjørka som symbol. Deriblant to av dei som eg setter høgt; Tor Jonsson og Tarjei Vesaas. Eg synes dette maleriet også kasta lyset på dei gjennom formuleringar som "tjørn med himmel i" og "eit ljosgrønt slør over åsen". Derfor skreiv eg også denne bloggteksten på nynorsk som var deira målføre. På det viset blei liksom "ringen slutta" mellom symboltung poesi og maleri. 


Norsk kjærleikssong (Tor Jonsson, 1916 - 1951)

Eg er grana, mørk og stur.
Du er bjørka. Du er brur
under fager himmel.
Båe er vi norsk natur.

Eg er molda, djup og svart.
Du er såkorn, blankt og bjart.
Du ber alle voner.
Båe er vi det vi vart.

Eg er berg og naken li.
Du er tjørn med himmel i.
Båe er vi landet.
Evig, evig er du mi.



Det var eingong (Tarjei Vesaas, 1897-1970)

Det var ei lita bjørk
som hadde fått lov på nytt lauv

midt i mai.
Ho var mest ikkje nedpå jorda
for den skuld
og fordi ho var så grann.

Det kom som lova og
ein mai vind.
Han gjorde henne ør
og søt i borken
og sår i alle knuppar.
Ein fugl kom sette seg
på naken kvist
og sa det var no ---

Ho visste ingen ting
denne dagen.
Men då det var kvelden
sto ho med tunne grønnfargar
over nakent og grant.
Rar og omskapt.

Ør og levande.
Ho løyste seg sakte.
Vart heilt fri for røtter, trudde ho.
Siglde som eit ljosgrønt slør over åsen.
Borte frå denne staden for alltid,
--- trudde bjørka.


"Fire småbjørker som praktiserer demokratiet", Jan R. Iversen, akryl på lerret, 73 x 60 cm, 2018 ©


Ingen kommentarer: