1. aug. 2023

Der tankar straumer



Går mykje i skog og mark. Ofte ei mil om dagen, vår som haust, sommar som vinter. Kvar årstid byr på sine former, sine fargar, lys og skuggar. Om våren og sommaren fangar bekkar og vasskjær vegetasjonen ofte mi interesse.

Diktaren Olav H. Hauge (1908 - 1994)
Å sitte ved ein bekk og lytta til vatnet sin eigen stemme, er god næring for tankane og hjelper mot mykje. Særleg om ein lever seg inn i dei ulike lydane, dei skiftande fargane, rørslene i vatnet og korleis solskinet blinkar lik ørsmå blitslys i straumkvervlane. I nokre minuttar kan ein slik liten bekk være ditt magiske eller lindrande midtpunkt i universet.

Derfor er det viktig å ta vare på bekkane, både dei som renn i oss og dei som enno får renne fritt i naturen. For vi har lenge erfart at storsamfunnet sjeldan tek vare på slike bekkar.

Snarare handlar det om å einsrette og straumlinjeforme tankane våre til å vere lydige overfor makta i storsamfunnet og alt dei måtte finne på. Mellom anna det å fortsette den samfunnsnedbrytande nyliberale utviklinga som i dei siste 40 - 50 åra har auka forskjellane i samfunnet. Og som i tillegg gjer eit fåtal rike endå rikare ved alt frå samfunns- og naturøydeleggjande krigar til gigantiske areal med vindturbinar, utvinning av metall på havbotn, dumping av gruveavfall i fjordane, osb.   
Denne overkøyringa av naturen og av den sjølvstendige tanken synes eg diktaren Olav H. Hauge får godt fram i "Me legg bekken i røyr". Diktet er henta frå diktsamlinga "Seljefløyta".
 

"Me legg bekken i røyr"

   No gamle bekk,

    lyt du i røyr

    og renna til fjords

    i eit einaste køyr,

    du fær ikkje lenger

    klukka med teigen,

    kroka og svinga

    og tru at du eig’n,

    du fær ikkje lenger breida deg ut

    og kvila i hølar og fossa i sprut,

    gå under jord når

    du finn det for godt

    og so dukka fram att

    og hukra ei nott -

    du fær ikkje lenger fila ditt skarv

    - uslipt stein

    ligg att der du kvarv -,

    du fær ikkje bera

    rusk på rygg,

    stå og diga i myri

    og ala på mygg,

    du fær ikkje frjosa

    til iskull og svull

    og drøymande innunder

    syngja din sull

    du fær ikkje kjæla

    ungar um fot

    gje drikke til fuglar

    og tyrstande rot,

    - knurr ikkje,

    ta ikkje til ords,

    no gamle bekk,

    skal du beint til fjords.


    Eg sit der og tenkjer

    på bekken og livet,

    det er mangt som ein haustdag

    i tankane svive.

    Og bekken og livet

    vind seg i hop

    med leiking i lid

    gjenom sukkande tid,

    med gråt, med rop.

    Bekken er komen

    i røyr av sement.

    Livet skal etter,

    beint, plent.

    Alt skal stemmast

    i slok, i røyr,

    me sjølve, dei hine,

    kvar hund som gøyr.


    Her er veg for din fot

    og feste for hond,

    og leidi er lagd

    for leitande ånd,

    her er skule og skuffe

    og hol for kvar plugg

    - ingen skal lenger

    på eigi hond luffe

    og tru ei forunderleg verd

    er hans -

    nei, greidt skal det skura

    frå vogge til grav,

    til du som bekken

    er komen i hav.



"Der tankar straumer", Jan R. Iversen, akryl på lerret 46 x 38 cm, 2023 ©



Ingen kommentarer: