Ei spesiell kjensle å stå ved ein bekk. Ein som ikkje var der for berre ei uke sida. Då gjekk alt i kvitt, grått og brunt. Ikkje slik no. Slettes ikkje slik no.
Mens eg stod der kom sola. Pressa seg trassig fram mellom regnsvangre skyer. Brått sette nokre flyktige solgløtt farge på vissent fjorårs-gras og morkne trestokkar, grøne av mose. Alt strålte. Våren og livet slo til med varme og livlege fargar.
Eg gjekk med lettare steg heimover. Berre ein ting å gjere med slike gåver. Dei må ned på eit lerret.
Bønn
Kom vår!
Løys med di vare hand
alle de harde band vinteren batt;
– fossen i islagt elv,
liv som i lengting skjelv,
løys dem i natt!
Kom vår!
Stryk med så mild en vind
over de nakne sinn
stormen har ridd.
Varm dem så sår får grø,
varm så kvert frosent frø
vekkes - befridd!
Kom vår!
Opphavs og unders tid!
Kimen som bryt seg fri,
skapelsens språk.
Ord som en vinter lang
sov i en ufødd sang,
sprenge sitt åk.
"Solgløtt", Jan R. Iversen, akryl på lerret, 41 x 33 cm, 2024 ©
"Bønn", Helge Stangnes, "Samla dikt", 2015.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar